«Opplæringskontoret skal arbeide for å gje lærlingane eit godt fagleg tilbod fram mot fagprøve/svenneprøve. Utover det skal kontoret og medlemsbedriftene leggje til rette for at lærlingane får kunnskap om lokal natur og kultur, og gjennom dette skape eit godt ungdomsmiljø på tvers av fagområder»

 

Styret

Styret i Lærlingkontoret Gudbrandsdalen består av:

Mari Furuset - Styreleder
Stein Pedersen - Nestleder
Anne Gunn Brendstuen - Styremedlem
Jan Roger Bøe Øien - Styremedlem
Sissel Steinsdotter Bekkemellem - Styremedlem
Tor Henning Sveen - Varamedlem
Bjørn Åge Jenssen - Varamedlem

 

Administrasjon

Dagleg Leiar: Bjørg Aaseng Vole
Skansen 7, 2670 Otta
 
Tlf: 971 78 996
E-post: post@laerlingkontoret.com

 

Vedtekter

§ 1: NAVN/LOKALISERING OG ORGANISASJON
Kontorets navn: Lærlingkontoret
Lokalisering: Otta
Organisasjonsform: Forening

§ 2 – VISJON
Opplæringskontoret skal arbeide for å gje lærlingane eit godt fagleg tilbod fram mot
fagprøve/svenneprøve. Utover det skal kontoret og medlemsbedriftene leggje til rette for at
lærlingane får kunnskap om lokal natur og kultur, og gjennom dette skape eit godt
ungdomsmiljø på tvers av fagområde.

§ 3: FORMÅL
Lærlingkontoret, skal bistå fagopplæringen for bedrifter og kommuner i Gudbrandsdalen.
Lærlingkontoret skal vera ein aktiv samarbeidspart for vidaregåande skular og
ungdomsskular. Lærlingkontoret skal opprette lærekontrakter og drive opplæringsaktivitet i
samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
I tillegg til dette kan Lærlingkontoret tilby andre rekrutterings- og opplæringstiltak som
naturleg fell inn under verksemda.

Lærlingkontoret er godkjent som lærebedrift (som opplæringskontor i høve til
Opplæringslova) i Oppland.
Lærlingkontoret skal arbeide for å auke tilgangen på kvalifisert arbeidskraft, heve
kompetansenivået og auke statusen til lærlingar og bedrifter ved å: 

  • Leggje til rette og koordinere tilsetjing og opplæring av lærlingar gjennom samarbeid mellom skular, yrkesopplæringsnemnder, lærlingar og medlemsbedrifter
  • Stimulere til tiltak som aukar kvaliteten i opplæringa
  • Tilby yrkespedagogisk rådgjeving (praksiskandidater)
  • Formidle erfaring mellom ulike bedrifter
  • Vera orientert om internasjonal utvikling og organisere eventuelle utvekslingsprogram

§ 4: MEDLEMSKAP
Bedrifter/kommuner som kan gje fagopplæring til lærlingar/lærekandidatar innanfor eitt eller
fleire fag som Lærlingkontoret er godkjent for.
Utmelding av kontoret kan skje, men ansvar for inngåtte kontrakter må oppfyllast eller
overførast andre godkjente opplæringskontor, i samarbeid med Oppland Fylkeskommune.
Utmelding skal skje skriftleg med tre måneders varsel før utløp av kalenderåret.

§ 5: ØKONOMI
Foreninga har ikkje økonomisk formål. Foreninga skal ikkje drive næringsverksemd, og
heller ikkje utbetale utbyte til medlemmene.

Medlemmane betaler årleg medlemsavgift; kr 1500,- for bedrifter og kr 5000,- for kommuner.
Endring/justering av kontingent blir gjort av årsmøtet.

Lærlingtilskotet blir i si heilheit overført frå Fylkeskommunen til Lærlingkontoret.

Eventuell fordeling av lærlingtilskotet til medlemmane blir for kvart år bestemt av årsmøtet.
Slik overføring blir da gjort så snart tilskotet er overført frå Fylkeskommunen.

Lærlingkontoret kan, når styret bestemmer det, arrangere kurs og tiltak for å auke kvaliteten i
opplæringa, og fakturere medlemsbedrifter for dette.
Rekneskap blir ført av autorisert rekneskapskontor.
Bankkkonto blir disponert av dagleg leiar og styreleiar.
Dagleg leiar og styreleiar har signaturrett kvar for seg.
Styret har fullmakt til å ta opp driftskreditt.

§ 6: ÅRSMØTE
Årsmøtet er øvste organ. Kvar medlemsbedrift representerer ei stemme og kan ved fullmakt i
tillegg representere eitt medlem.
Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemmar som er representert.
Ordinært årsmøte skal gjennomførast kvart år, fortrinnsvis innan utgangen av april.
Innkalling skjer med 1 månads varsel. Offentleg kunngjering er ikkje nødvendig.
Årsmøtedokument blir sendt ut 7 dagar før møtedato, og skal innehalde: årsmelding,
årsrekneskap, budsjettforslag for komande driftsår, dagsorden for møtet og evt innkomne
saker.

Saker for årsmøtet:

  1. Godkjenne årsrekneskap
  2. Årsmelding
  3. Bestemme bruk av overskot/dekking av underskot
  4. Forslag til budsjett og fastsetjing av styrehonorar
  5. Valg
  6. Andre saker

Saker og valg blir avgjort med vanleg fleirtal.

Vedtektsendringar må gjerast av årsmøtet, og krev 2/3 fleirtal.

Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal signerast av to personar valgt i møtet.

Ekstraordinært årsmøte kan innkallast til med to vekers varsel når:

  • to styremedlemmer eller 20 % av medlemsbedriftene ber om det
  • styret finn behov for det

§ 7: STYRET
Styret består av 5 medlemmar og 2 varamedlemmar.
Leiar, medlemmar og varamedlemmar blir valgt for 2 år, men slik at halvparten er på valg
kvart år. Leiar blir valgt av årsmøtet.
Styrehonorar blir fastsett på årsmøtet.
Valgkomité blir valgt etter innstilling frå styret.
I tillegg til medlemmane kan ein representant for lærlingane og Oppland fylkeskommune
møte. Desse har møte og talerett.

Oppgåver:

  • Styret er ansvarleg for drift av Lærlingkontoret og føretek tilsetjingar
  • Styret behandler alle saker som ikkje er tillagt årsmøtet og ikkje er delegert dagleg leiar
  • Styret utarbeider arbeidsinstruks og gjev relevante fullmakter til dagleg leiar
  • Dagleg leder deltek på styremøter som sekretær, men utan stemmerett
  • Varamedlemmar blir innkalla etter behov
  • Styret er vedtaksført når minst 3 av 5 styremedlemmar er til stades samt leiar eller nestleiar. 

Ved likt stemmetal har styreleiar dobbeltstemme.

§ 8: ADMINISTRASJON
Dagleg leiar står for dagleg drift av Lærlingkontoret og rapporterer til styreleiar. Dagleg leiar
godkjenner søknad om medlemskap i Lærlingskontoret. I tvilstilfelle blir søknaden lagt fram
for styret.

§ 9: RAPPORTERINGSPLIKT
Medlemsbedriftene pliktar å informere Lærlingkontoret dersom opplæringa ikkje kan
vidareførast i bedrifta, f.eks. på grunn av permittering eller innskrenkning. Slik melding skal
vera kontoret i hende skriftleg innan 14 dagar etter at vedtak er gjort.

§ 10: OPPLØYSING
Vedtak om oppløysing av opplæringskontoret blir gjort av ordinært eller ekstraordinært
årsmøte. Dette krev 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal ubrukte midlar gå til Opplæringskontoret
Brimikjøken dersom dette fortsatt eksisterer, alternativt til andre opplæringstiltak i regionen.